|
 | |
Heilt nytt styre i Herøysund Grendahus | | Med to styremedlemer på val, og leiar som ber om avløysing p.a.a. arbeidssituasjonen, var det duka for heilt nytt styre i Grendahuset. | | | På årsmøtet torsdag, fekk Herøysund Grendahus nytt styre. Leiaren i styret Ivar Berge Soldal, bad om avløysing på grunn av mykje reiseverksemd i jobben. Dei andre to styremedlemene, Astrid Haugse og May Britt Tveit, var begge på val. Dermed vart det heilt nytt styre med Håkon Hjelmeland som leiar, og Siv Veronika Fjelland og Raymond Støle som styremedlemer.
| | | |
| | | Årsmøtet vart som i dei andre laga i bygda prega av alt for få frammøtte, men ein god og optimistisk stemning. Med pengar på bok, og god utleigeaktivitet framover ser det nye styret lyst på situasjonen.
| | | |
| | | Styret vert nok ikkje arbeidsledige på ei stund. Oppslaga i avisene om sal av gamleskulen i bygda syner seg å vera litt feil. Her har vi gyldig festekontrakt i omlag 20 år til. Styret får dermed godt med tid for å finna gode løysingar for Grendahuset og resten av laga i bygda. | | | | | | | |
|  |
|
|
| | Linker | |  | | | Vêrstasjon | |  |
|