|
 | |
Halvor Moss ny leiar i HIL | | Roleg årsmøte i Herøysund Idrettslag. | | | På eit bra besøkt årsmøte vart Halvor Moss vald til ny leiar etter Kåre Hagan som takka for seg. Den detaljerte årsmeldinga fekk ros for godt innhald, men med ein liten merknad om at ein sakna ei komplett oppramsing av heile styret.
| | | |
Gruppeleiarane kunne presentera god aktivitet innan aldersfastsett fotball og aktivitetar for dei yngste. Etter mange år med minimal friidrett, er no den aktiviteten i godt gjenge, og fleire medaljer er på nytt komne til Herøysund. Ei anna viktig årsmelding kom frå Fjelltrimgruppa. I tillegg til felles turar opp i høgdene, har gruppa hatt fleire dugnader i løypene og bygd ny bru over Tveit-elva (på veg mot Brakhaug).
| | | |
Rekneskapen viste underskot, men synte og at laget framleis har 'pengar på bok'. Laget håpar og på pengar frå Grasrotandelen, i og med at dei er melde inn i Frivillighetsregisteret i Brønnøysund.
| | | |
Valnemnda opplyste at arbeidet var enkelt i år. Dette tyder vel på at laget har medvind! | | | | | | | |
|  |
|
|
| | Linker | |  | | | Vêrstasjon | |  |
|