Herøysund båthamn ligg i innløpet til Hardangerfjorden, mellom Husnes og Uskedalen i le av Herøya. Hamna har nokre gjesteplasser som kostar 70 kr pr døgn + 30 kr for straum. Det er vatn, straum, toalett og dusj for båtgjester. Omlag 500 m spasertur til Joker-butikk. Butikken har også bensin og diesel.
Ved båthamna er det fin badestrand med sandgrunn, stupebrett og ein sandvolleyballbane like ved stranda.
Det vert dugnad i båthavna kvar laurdag i mai, dette for at alle skal få ein mulighet til å få vera med. Skulle det alikevel ikkje passe kan ein få arbeidsdoppgåver som ein kan gjera til andre tider. Det som skal gjerast er maling og snekkerarbeid og RYDDING.m.m.... Ta kontakt med ein av oss i styret hvis det er noko de lurer på.