Herøysund Skulemusikk er stifta i 1972 og har som formål å arbeida for auka interesse for og framføring av musikk. Vi arbeider og for å behalda korpset i bygda. Korpset har har ca 8-9 aktive born som speler i korpset. I tillegg har vi og nokre vaksne som speler i korpset. Dirigent er Franz Roberg.
Du kan støtta oss:
Gjennom Grasrotandelen
Støttemedlemskap / gåve til konto 3460.07.53829
Gåver til basar/marknad
Øvingar kvar tysdag kl 17.15-18.45
på Bringedalsbygda oppvekstsenter
Ynskjer alltid nye musikantar velkommen!
Vi treng og litt ekstra mannskap til spesielle anledningar f. eks 1. mai og 17-mai, og kan du spele er det berre å ta kontakt dersom du ynskjer å bli med å spele desse dagane. Det er fint om du og er med på øvingane i forkant til desse dagane.